-
Kontaktinformasjon til frivillige lag og foreninger i Hjelmeland
Foreningsportal for Hjelmeland er tatt i bruk frå og med 4. mai 2021. Alle frivillige lag og foreninger har fått sms om at dei kan oppdatere kontaktinformasjonen sin i foreningsportalen for Hjelmeland. Har du spørsmål ta kontakt med Åsmund Sigmundstad på tlf 40439155.
Oppstart av aktivitetar
No i september er det oppstart av mange gode aktivtetar og tilbod i Hjelmeland. Frivilligsentralen startar opp tre tilbod i løpet av månaden. Det er Open kafé på det Grøna rommet, Open møteplass på Hjelmeland omsorgssenter og Onsdagskafé i storstova på Årdal omsorgssenter. Tilboda er ope for alle. I tillegg er det søknadskveld for frivillige organisasjonar den 14. september kl 19.00 og Strandryddeveke 8.-17. september. Det kjem ei enkel brosjyre til alle husstandar i kommunen den 12. september med eit utval av arrangement og aktivitetar som skjer denne hausten.Strandryddeveka 8.-17. september: Hjelmeland frivilligsentral - Alle kan vere med på strandrydding
Oppstart 13. september kl 13.30-1600: Hjelmeland frivilligsentral - Open kafé i "Det grøna rommet" på kommunehuset i Hjelmelandsvågen
Søknadskveld 14. september kl 19.00: Søknadskveld for frivillige organisasjonar - Hjelmeland kommune
Oppstart 15. september kl 11.00-13.00: Hjelmeland frivilligsentral - Open møteplass for eldre Hjelmeland omsorgssenter
Oppstart 27. september kl 11.30-13.30: Hjelmeland frivilligsentral - Onsdagskafé Årdal omsorgssenter