-
Kontaktinformasjon til frivillige lag og foreninger i Hjelmeland
Foreningsportal for Hjelmeland er tatt i bruk frå og med 4. mai 2021. Alle frivillige lag og foreninger har fått sms om at dei kan oppdatere kontaktinformasjonen sin i foreningsportalen for Hjelmeland. Har du spørsmål ta kontakt med Åsmund Sigmundstad på tlf 40439155.
Strandryddeveka
Du kan bli med på strandryddeveka 12.-21. september.Hjelmeland kommune vil til rette for at innbyggjarane kan delta på ryddedugnader. Kundesenteret på biblioteket i Hjelmelandsvågen deler ut sekker og hanskar som skal brukast til å hente inn avfall.
Kva er ein ryddeaksjon og korleis kan eg bli med?
Etterlat naturen like fin som før: #likefinsomfør (likefinsomfor.no)
12.-21. september 2025 inviterer Hold Norge Rent til strandryddeuka https://holdnorgerent.no/strandryddeuka
Organisasjoner og/eller private kan registrere sin ryddeaksjon på nettsida Rydde: Bli med | Aksjoner - Rydde (ryddenorge.no)
Me inviterer frivillige organisasjonar og klassar til å melde seg til strandrydding. Dette er i samanheng med at den nasjonale strandryddeveka 12.-21. september.
Frivillige lag og organisasjonar eller klassar melder seg på strandryddinga til postmottak@hjelmeland.kommune.no innan 12. september. Meld også frå ønske om stader å rydde.
Forslag til aktuelle stader å rydde:
- Svadberg, Mele, Melsosen
- Steinsviga, Nessaviga
- Nordbygda, Hjelmelandsvågen, Sande, Pundsnes, Kleppa, Askvik, Hundsnes, Viganeset, Døvik, Espholmen, Prestholmen, Moldfallet
- Barnevik, Fistervågen, Følsvik, Sandvik, Kjelavik, Tønnevik, Sigmundstad, Mosnes, Mosnesholmane, Grønvik, Skjelsvik, Nordskår, holmane utfor Nordskår
- Helgøy
- Ølesund, Hannkallevika, Øye, Øyehabn, Breivik, Randa, Kådå, Svansholmen, Børøy, Hovda, Krossdal, Sandanger, Kvaløy, Kvaløysundet
- Ørevika, Øygarden, Knutsvik, Skiftun, Apalviga, Nesvik, Bastli
- Eiane, Vindsvik, Tytlandsvik, Dalevika, Haugevika, Ladberget, Segadal, Førre
Retningslinjer for “betaling for dugnad med strandrydding”:
Hjelmeland kommune ved ordførar Anita Husøy Riskedal har sett av penger til dugnadsbetaling for frivillige organisasjonar og klassar. Desse midlane kjem frå havbruksfondet. Utbetalinga blir gjort i forhold til kor mange dugnadstimar som er utført.
Meld på klassen eller den frivillige organisasjonen til postmottak@hjelmeland.kommune.no innan 12. september. Meld også frå om ønska stader å rydda.
Dei som sender inn rapport etter strandryddinga får utbetalt penger i forhold til antal utført dugnadstimar.
Henting av sekker og hanskar
Frivillige organisasjoner og klassar kan hente sekker og ryddehanskar på Biblioteket i Hjelmelandsvågen.
Periode for rydding
Aksjonen varer frå 6.- 21. september 2025.
Rapporter til oss på postmottak@hjelmeland.kommune.no om kva strekning som er rydda, antall dugnadstimar, antall personar som deltok og kor mange sekker avfall som vart samla inn. Rapporten må koma til oss innan 1. oktober 2025.
Utbetalinga skjer i løpet av oktober.
Her er informasjon om kor innsamla avfall skal leverast lokalt i Hjelmeland:
Ryfylke Friluftsråd: Kan bidra med å hente marint avfall via sjøveien, for å avtale henting kontakt Åsmund Sigmundstad
IVAR Renovasjon Ryfylke: Avfallet leverast gratis til Viganeset avfallsmottak, informer om at det er marint avfall.
Har du meir spørsmål om ryddedugnader kontakt Åsmund Sigmundstad tlf 40439155 på Hjelmeland Frivilligsentral.
Bli med å rydde: holdnorgerent.no