Sommaraktivitetar del 2

Hjelmeland Frivilligsentral har fått gåve frå Gjensidigestiftelsen til ekstra aktivitetsdagar i sommar. Husk påmeldingsfrist 10. juli, send melding til tlf 40439155.

Familietur til Viglesdalen
Tid: Lørdag 1. august og søndag 2. august
Ekstrabuss frå Hjelmeland v/spar kl 10.00. Frå Fister v/Joker kl 10.15. Frå Årdal v/skulen kl 10.30. Retur søndag kl 16.00.
Stad: Viglesdalen.
Kva: Fottur til Viglesdalen med overnatting. 3-4 timar å gå. Ta med mat og drikke, gode klær og sko. Antibac. Såpe, handkle. Sengetøy/ lakenpose og putevar.
Pris:  Kr 400 pr vaksen/ kr 200 pr barn, familliar med fritidskort gratis. Påmelding innan fredag 10. juli til tlf 404 39 155.
Arr:  Hjelmeland kommune. Betaling: VIPPS til nr 510120.

Familietur til Suldal Bad
Tid: Torsdag 6. august, kl. 14.00-20.00
Ferje frå Hjelmeland kl 14.00. Ekstrabuss frå Nesvik kl 14.15. Retur til Hjelmeland kl 20.00.
Stad: Sand sentrum og Suldal Bad
Kva: Omvisning på Sand kl 15.00-16.00, Høse bru, laksestudio. Suldal Bad 16.15-19.15. Ta med: Mat og drikke, badetøy, handkle.
Pris:  Kr 200 pr person, familliar med fritidskort gratis. Påmelding innan fredag 10. juli til tlf 404 39 155.
Arr:  Hjelmeland kommune. Betaling: VIPPS til nr 510120.

Familietur til Nedstrand klatrepark
Tid: Søndag  9. august, kl. 10.00-17.00
Ekstrabåt (Helgøyskyss) frå Hjelmelandsvågen kl 10.00. Retur med båt til Hjelmeland kl 17.00.
Stad: Nedstrand klatrepark
Kva: Kjekke løyper for små barn, barn, ungdom og vaksne i klatreparken. Opplæring vil bli gitt. Ta med mat og drikke. Gode uteklær.
Pris:  Kr 400 pr person, familliar med fritidskort gratis. Påmelding innan fredag 10. juli til tlf 404 39 155.
Arr:  Hjelmeland kommune. Betaling: VIPPS til nr 510120.

Sykkelverkstad

Barn med fritidskort i Hjelmeland kommune får gåvekort/ gratis reparasjon av sykkelen sin inntil ein verdi av kr 500 i perioden juni til og med august 2020. Dette vert gjort med støtte frå Gjensidigestiftelsen.




2020 © Hjelmeland frivilligsentral