Hjelmelandsven

Hjelmelandsven -bidra med det du kan! Bli betre kjent med Hjelmeland i lag med ein ny ven. Her kan du byggje nettverk og få gode opplevingar saman med andre Hjelmelandsbuar. Ta kontakt med Frivilligsentralen dersom du vil bli Hjelmelandsven eller har noko anna du kan bidra med i ditt nærmiljø.

Aldersgruppe: For alle

Korleis bli Hjelmelandsven?

Frivillige som ønskjer å bli kjent betre kjent med Hjelmeland, kan melde seg som Hjelmelandsven på Frivilligsentralen. Der blir du kopla saman med ein einsleg eller ein familie. Det vert lagt vekt på felles interesser og livssituasjon.

Døme på ting å gjere saman:

  • ta ein kopp kaffi i lag
  • bli kjent med tilbod og aktivitetar i nærområdet
  • delta i fritidsaktivitetar
  • gå på turar
  • lære å lage mat frå ulike kulturar
  • vere reserve besteforeldre

Det er behov for vaksne i ulike aldersgrupper og livssitasjonar. Du melder deg som Hjelmelandsven for eit halvt år om gongen.

Kontaktperson: Åsmund Sigmundstad, tlf 404 39 155
E-post: asmund.sigmundstad@hjelmeland.kommune.no

Hjelmelandsven starta i 2015 i regi av Hjelmeland Frivilligsentral.

Nokre tips til deg som er Hjelmelandsven

  • Snakk om kva forventningar de har til kvarandre og kva de ønskjer å gjere saman. Det er lov å setje grenser for kva du kan bidra med.
  • I fleire kulturar er synet på tid og avtalar annleis enn i Noreg. Det kan vere lurt å ha klare avtalar og sikre seg at begge partar har forstått kvar og når aktiviteten skal foregå.
  • Ordninga er 100% frivillig, og kvar enkelt dekker eigne utgifter. Det er positivt å gjere ting saman som kostar minst mogleg.
  • Spør om det skal takast spesielle omsyn i forhold til mat (nokre et til dømes ikkje svinekjøt)
  • Dersom det oppstår misforståingar eller utfordringar som er vanskeleg å løysa, tar de kontakt med Frivilligsentralen.

Lukke til!

Fakta om nye innbyggjarar i Hjelmeland

  • Kvart år kjem det mange nye innbyggjarar til Hjelmeland. Mange flytter inn og mange flytter ut. Det som er mest vanleg, er at nye innbyggjarar kjem frå andre deler av Noreg. Dei siste 20 åra har det vore ein del arbeidsinnvandring til Hjelmeland. Dei fleste av arbeidsinnvandrarane kjem frå Litauen, Polen og Tyskland. I 2022 vart det busett eit stort antal Ukrainske flyktningar i Hjelmeland.
  • I over 30 år har Hjelmeland busett flyktningar. Hjelmeland har busett 55 flyktningar i 2022 og Hjelmeland kommunestyre har vedteke å busetje 60 flyktningar i 2023. Flyktningane kjem frå ulike land blant anna Ukraina, Kongo og Syria. Det siste året har det til vår kommune kome flest flyktningar frå Ukraina.
  • Flyktningane har reist frå det kjente, fordi det kjente var farleg og trugande, og inn i det ukjente. Her, i det ukjente, skal dei vere sjølvstendige og deltakande medborgarar. Det er vår ambisjon som gode nordmenn og gode Hjelmelandsbuar å leggje til rette for det.


 

2024 © Hjelmeland frivilligsentral