Open møteplass for eldre
Velkomen til open møteplass for eldre på Hjelmeland omsorgssenter kvar fredag kl 11.00-13.00. Her kan du sitje ned og ta ein drøs. Me tilbyr også eit måltid mat for kr 100. Betal med vipps eller kontant. Ope for alle. Arrangør omsorgssenteret og frivilligsentralen.Aldersgruppe: For alle
Det går buss frå Grønvik, Fister og Randøy til Hjelmeland kvar fredag. Bussen bestillast ved å ringje tlf 91600510 før kl 16.00 på torsdagen. Her er informasjon om rutetider til bestilllingsbussen: Bestillingsbuss Hjelmeland_rute H11_flyer
Treng du skyss frå andre stader i Hjelmeland kan du bestille Seniortaxi: Her er meir info om ordninga.
Me treng også fleire frivillige som vil vere med på å utvikle dette til å vere ein god møteplass. Me treng frivillige både på dagtid og ettermiddag/kveld. Me treng frivillige til dømes til: Musikalske aktivitetar; song, musikk, dans. Handarbeid, strikking, sying. Treningsaktiviteter inne eller tur ute. Spel; til dømes kort, bingo, quiz e.l. Litteratur, lesing. Snekring, sløyd, reperasjoner. Hagearbeid; i området rundt omsorgssenteret. Eller du har eigne forslag; noko du har lyst å bidra med.
Vil du vere med å bidra? Då får du meir informasjon og kan registrere deg via denne linken:
https://frivillig.no/hjelmeland-frivilligsentral/vil-du-vere-med--skape-ein-open-mteplass
Er du interessert kan du også ta direkte kontakt med Frivilligsentralen på tlf 40439155.
Open møteplass for eldre
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Fre 03.02 | 11:00 | Open møteplass for eldre | Hjelmeland omsorgssenter |
Fre 10.02 | 11:00 | Open møteplass for eldre | Hjelmeland omsorgssenter |
Fre 17.02 | 11:00 | Open møteplass for eldre | Hjelmeland omsorgssenter |
Fre 24.02 | 11:00 | Open møteplass for eldre | Hjelmeland omsorgssenter |
Fre 03.03 | 11:00 | Open møteplass for eldre | Hjelmeland omsorgssenter |
Fre 10.03 | 11:00 | Open møteplass for eldre | Hjelmeland omsorgssenter |
Fre 17.03 | 11:00 | Open møteplass for eldre | Hjelmeland omsorgssenter |
Fre 24.03 | 11:00 | Open møteplass for eldre | Hjelmeland omsorgssenter |
Fre 31.03 | 11:00 | Open møteplass for eldre | Hjelmeland omsorgssenter |
Del på:
-
Datatreff
Har du spørsmål om bruk av mobiltelefon, pc eller nettbrett? Ta med problemet eller stikk innom for ein dataprat over ein kopp kaffi.
-
Den kulturelle spaserstokken i Hjelmeland
Den kulturelle spaserstokken Hjelmeland
-
Eldre hjelper eldre
Har du litt tid til overs? Kan du tenkje deg å gi ei hjelpande hand til andre eldre i Hjelmeland?
-
Frilager.no utlån av friluftsutstyr
Hjelmeland kommune har inngått samarbeidsavtale med organisasjonen Frilager om utleige av friluftsutstyr. Bestilling av utstyr skjer på nettsida: https://frilager.no/
-
Fritidskortet
Fritidskort fritidsaktiviteter alle med auka deltaking i fritidsaktiviteter