-
Alle kan vere med på rydding
Hjelmeland kommune vil leggje til rette for ryddedugnader. Me ber om at innbyggjarane følgjer råda frå Hold Norge Rent, Ryfylke friluftsråd og IVAR Renovasjon Ryfylke.
Trygg Trafikk
Hjelmeland Frivilligsentral er samarbeidspartner med Trygg Trafikk Rogaland.Aldersgruppe: For alle
Hjelmeland Frivilligsentral bidrar med desse tiltaka:
- Markering av refleksdagen med utdeling av refleks den 17. oktober, meld deg som refleksambassadør!
- Informasjon om trafikksikkerheit til innvandrarar og til eldre.
- Utlån av bilsete til barn.
- Oppfordre frivillige lag og organisasjonar i Hjelmeland til å ha eigne retningslinjer for reiser i sin organisasjon, Reisepolicy for frivillige organisasjoner.
- Sal av hjelm, lys og refleks på sykkelverkstaden til frivilligsentralen.
Her er fleire nettressurser frå Trygg Trafikk:
Trafikksikkerheit på fleire språk (norsk, arabisk, tigrinja, pashto, dari, kurmandji, somali og engelsk) Innhaldet er basert på Trygg Trafikks grunnbok i trafikkopplæring for 1.-4 trinn, og er ei hjelp til å nå kompetansemålet i kroppsøving: «Elevane skal kunne følgje trafikkreglar for fotgjengarar og syklistar.»
https://www.tryggtrafikk.no/skole/undervisningsmateriell/trafikksikkerhet-pa-flere-sprak/
Direkte link: http://pafleresprak.tryggtrafikk.no/portal
Sykkeldyktig læringsportal på norsk:
Sykkeldyktig.no er ein ny læringsarena for sykkelundervisning i grunnskulen, som er utvikla av Trygg Trafikk i samarbeid med Syklistenes landsforening, Norges cykleforbund og NAF. Verktøyet er gratis og utan reklame. Sykkeldyktig.no er utvikla for undervisning av elevar i 5.- 7. klasse, og innhaldet er laga for å oppfylle kompetansemåla i fagplanane. Sykkeldyktig.no inneheld teoretisk opplæring rundt trafikkreglar, sykkelferdigheiter, og sikker sykkel mm. Det ligg lærerveiledning, filmar og digitale elevoppgåver for klasserom og for veiledning og digitale heimelekser. Også foreldre finn mykje nyttig informasjon og gode tips om sykling med sine barn.
https://sykkeldyktig.no/for-foreldre/
Barnastrafikklubb:
https://www.barnastrafikklubb.no/
Sikring av barn i bil:
Våre nyttige brosjyrer om sikring av barn i bil: russisk, arabisk, engelsk, norsk, polsk, sorani, thai, tyrkisk, urdu, vietnamesisk
https://www.tryggtrafikk.no/sikring-av-barn-i-bil/nyttige-brosjyrer-om-barn-bil/
Alt om øvelseskøyring og lappen:
Her finn du det meste du treng å vite om øvelseskøyring og førarkort, pluss tips, råd og ein podkast frå våre ekspertar. https://www.tryggtrafikk.no/ovelseskjoring-og-forerkort/
Til temadagar om trafikksikkerheit:
Bilbelte
https://www.tryggtrafikk.no/bilbelte-og-sikring/
El sykkel
https://www.tryggtrafikk.no/el-sykkel/hva-er-en-el-sykkel/
El-sparkesykkel
https://www.tryggtrafikk.no/sykle/el-sparkesykkel/
Kva side av vegen skal me gå på:
https://www.tryggtrafikk.no/hvilken-side-av-veien-skal-vi-ga-pa/
Del på:
-
Den kulturelle spaserstokken i Hjelmeland
Den kulturelle spaserstokken Hjelmeland
-
Eg vil bidra som frivillig
Vil du bidra som frivillig i Hjelmeland? Oppgåver kan til dømes vera: Følgjeteneste, aktivitetsven, kafévert, besøksven, praktisk hjelp til arrangement, matomkjøring. Både frivillige organisasjonar og frivilligsentralen treng nye fleire frivillige i alle aldrar.
-
Eldre hjelper eldre
Har du litt tid til overs? Kan du tenkje deg å gi ei hjelpande hand til andre eldre i Hjelmeland?
-
Frilager.no utlån av friluftsutstyr
Hjelmeland kommune har inngått samarbeidsavtale med organisasjonen Frilager om utleige av friluftsutstyr. Bestilling av utstyr skjer på nettsida: https://frilager.no/