Open møteplass for eldre

Velkomen til open møteplass for eldre på Hjelmeland omsorgssenter fredag 23. august kl 11.00. Her kan du sitje ned og ta ein drøs eller vere med på ein liten gåtur. Ope for alle. Treng du skyss? Ring tlf 40439155. Arrangør omsorgssenteret og frivilligsentralen.

Aldersgruppe: For alle

Me treng også fleire frivillige som vil vere med på å utvikle dette til å vere ein god møteplass. Me treng frivillige både på dagtid og ettermiddag/kveld. Me treng frivillige til dømes til: Musikalske aktivitetar; song, musikk, dans. Handarbeid, strikking, sying. Skyss av heimebuande eldre. Treningsaktiviteter inne eller tur ute. Spel; til dømes kort, bingo, quiz e.l. Litteratur, lesing. Snekring, sløyd, reperasjoner. Hagearbeid; i området rundt omsorgssenteret. Eller du har eigne forslag; noko du har lyst å bidra med.

Vil du vere med å bidra? Då får du meir informasjon og kan registrere deg via denne linken:

https://frivillig.no/hjelmeland-frivilligsentral/vil-du-vere-med--skape-ein-open-mteplass

Er du interessert kan du også ta direkte kontakt med Frivilligsentralen på tlf 40439155.

2019 © Hjelmeland frivilligsentral