Seniordans (Avlyst)

seniordans Hjelmeland

Aldersgruppe: 60 til 100 år

Seniordans Hjelmeland 2020

For å hindre smittespreiing vert det ikkje seniordans i perioden mars til juni.


Kvar måndag kl 17.30-19.30 på Spinneriet. Me ynskjer fleire til å bli med på trim, dans og sosialt samvær. Kom og sjå ka me dulle med, singel og par. Lystbetont og god trim. Det er bare å møte opp! Lurer du på noko kan du ringje Arne Breiland på tlf 51750264/ 98803335. Ella Espeland 98651354 Meir info: www.seniordans.no


Felles dansetreff i Ytre Ryfylke:

Alle som vil sjå og lære kva Seniordans er for noko er velkomen til å vere med på felles dansetreff for Ryfylke! Vi er no ca 30 dansarar frå Forsand, Strand og Hjelmeland som møtast på felles dansetreff. Her kan du kome som ny dansar eller som erfaren dansar. Ta med litt penger til enkel servering.
Arrangør: Seniordans i Forsand, Strand, Hjelmeland.


Meir info: www.seniordans.no


Seniordans kva er det? Nokon som tar forsiktige skritt på dansegolvet og synes det er greit å koma på ein vekentlege dans? Ja, kanskje det også. Men seniordans er noko mykje, mykje meir. Den gir utfordringer på alle områder: betrar fysikken, den mentale tilstand og framfor alt: den byggjer sosiale nettverk! Betre forebyggjande helsearbeid finnes neppe!

Kva er det som gjer seniordans så attraktiv? Det er sjølve dansen med alle dens variasjoner! Men også det sosiale livet den fører med seg. Her kan du gå utan partner, danserane markeres som raud eller blå. Du får utfordra din konsentrasjonsevne, du får betra din fysikk og din mentale tilstand. Du treng ingen forkunnskaper for å bli seniordanser. Her finnes ingen prestasjonskrav. Her er trivsel og glede langt viktigere, smilet og latteren er aldri langt unna.  SNs målsetting er at alle kommuner i landet skal få tilbud om seniordans innan 2014. Det er vi godt i gong med, takka vere midler fra Gjensidigestiftelsen. For bonusen ved å danse? Friskere, sprekere og gladere.



Flere aktiviteter

Aktiviteter/ tilbod

Hva skjer Kva skjer Arrangement Hjelmeland

Den kulturelle spaserstokken i Hjelmeland

Den kulturelle spaserstokken Hjelmeland

Eg kan bidra som frivillig

Mange innbyggjarar er no mellombels isolert frå sine vanlege nettverk på grunn av koronaviruset. Enten fordi dei er i karantene, eller fordi dei sosiale og kulturelle tilboda dei vanlegvis nyttar seg av er lagt ned. Kanskje du vil hjelpe til å få gjort unna småærend eller kanskje berre ringje nokon for å sjekke at alt går greit? Fyrste fase er å kunne kartleggje behov og kven som vil bidra. Meld gjerne frå dersom du vil bidra på skjema som ligg på fremst på nettsida til Hjelmeland Frivilligsentral. Ikkje send taushetsbelagte eller sensitive opplysninger via dette skjemaet.

Eg treng annan hjelp

Mange innbyggjarar er no mellombels isolert frå sine vanlege nettverk på grunn av koronaviruset. Enten fordi dei er i karantene, eller fordi dei sosiale og kulturelle tilboda dei vanlegvis nyttar seg av er lagt ned. Kanskje du treng hjelp til å få gjort unna småærend eller kanskje berre at nokon ringjer til deg for å sjekke at alt går greit? Fyrste fase er å kunne kartleggje behov og kven som vil bidra. Meld gjerne ditt behov for assistanse/hjelp på skjema som ligg fremst på nettsida til Hjelmeland Frivilligsentral. Ikkje send taushetsbelagte eller sensitive opplysninger via dette skjemaet.

Ferietilbod

Ferie ferietilbod aktivitetar fritid leir Hjelmeland Rogaland

2020 © Hjelmeland frivilligsentral