For å motivere alle organisasjonane til å lage gode stands med kreative aktivitetar vart det ei pengegåve til tre av organisasjonane. Det var ein eigen jury som vurderte alle stands den 31. oktober og offentlegjorde kven som fekk dei tre gåvene i slutten av dagen.
Desse tre gåvene blei delt ut:
- Den stand med best info om organisasjonen, kr 5000: Hjelmelandsspeiderne
- Den stand med best kreativ aktivitet for barn og ungdom, kr 5000: Ryfylke sykkelklubb.
- Den stand som best formidlar at dei vil ha fleire med i organisasjonen, kr 5000: Hjelmeland idrettslag
Hjelmeland kommune sende også ei informasjonsbrosjyre med invitasjon til Frivilligtorg ut til alle husstandar i Hjelmeland kommune.
Frivilligtorg vart arrangert av Hjelmeland kommune med støtte frå Strandbuen/ Amedia/ Sparebankstiftelsen DNB.
Påmeldte organisasjonar pr 30. september:
- Hjelmeland Røde kors
- Hjelmeland Mållag
- Fellesstand Jøsenfjorden: Bygdeutval, Fritidsklubb, Skyttarlag, Bedehus, Strikkekafeen, Fjordatreffen, Onsdagskule, Yngres, Jøsentrimmen
- Hjelmen 4H
- Hjelmelandspeiderne
- Nasjonalforeningen Jøsneset helselag
- Hjelmeland idrettslag
- Hjelmeland kunstlag
- Hageselskapet Hjelmeland
- Fister Bygdaråd
- Hjelmeland bygdekvinnelag
- Den norske kyrkja Fister, Årdal, Hjelmeland sokn
- Holy Riders MC Racing
- Ryfylke lokallag fortidsminneforeningen, Rogaland fylkesavdeling
- Fellesstand: Hjelmeland kommune/ Hjelmeland Naturlegvis/ Hjelmeland frivilligsentral
- Humanetisk forbund ytre Ryfylke lokallag
- Hjelmeland skyttarlag
- Hjelmeland sogelag
- Litauisk folkedansgruppe i Rogaland "JORE"
- Litauisk kor i Rogaland: Baltija.
- Ryfylke veterankjøretøyklubb
- Ryfylke sykkelklubb
- Pensjonistklubben
- Hjelmeland storband
- Frilager.no
- Seniordans Hjelmeland
- Strand fotoklubb
- Strand AA