Haustferie på Hjelmeland?

Fleire gode aktivitetar i haustferien på Hjelmeland: Teiknekurs, barneteater, tur til Suldal Bad og kino. Skal du på tur i fjellet kan du låne utstyr i utstyrsbanken. Haustferien kan også vere fin til å ta ein liten sykkeltur. Treng du reparasjon bestill time på sykkelverkstaden.

Alle arrangement og tilbod følgjer gjeldane smittevernreglar:

Hjelmeland Kunstlag arrangerer teiknekurs onsdag 7.oktober, på Hjelmeland ungdomsskule. 3.-6. klasse, kl. 09.00-12.00. 7.-10. klasse, kl. 13.00-16.00. Kurset kostar 300kr. 250kr for sysken. For elevar med Fritidskort er kurset gratis. Bindande påmelding snarast til: tor.reimund.helgoy@lyse.net For informasjon/spørsmål ring mobilnr.: 90555439

Hjelmeland kommune arrangerer Barneteater; Askeladden og de gode hjelperne Årdal skule torsdag 8. oktober kl 17.30. Billettar: barn kr 100,- - vaksne kr 150,- . Barn med fritidskort gratis.

Hjelmeland frivilligsentral arrangerer Tur til Suldal Bad fredag 9. oktober kl 15.45-21.00 Oppmøte på Sande ferjekai seinast kl 15.45. Påmelding innan fredag 2. oktober til tlf 404 39 155. kr 200 pr person inkl buss og inngongsbillett Suldal Bad. Familiar med fritidskort gratis.

Hjelmeland samfunnshus arrangerer kino: Knutsen & Ludvigsen 2- Det Store Dyret, søndag 11. oktober kl 17.00 Billett kr 100,- Barn med fritidskort gratis.

Utstyrsbanken på frivilligsentralen har utlån av fritidsutstyr blant anna telt og bæremeis. Hugs bestilling av utstyr på denne nettsida.

Treng du å reparere sykkelen kan du bestille time på sykkelverkstaden til frivilligsentralen.

Følg med i kalenderen Kva skjer i Hjelmeland på nettsida til Hjelmeland kommune.

2024 © Hjelmeland frivilligsentral