Sommaraktivitetar for barn og ungdom

Det er mange som deltek på sommaraktivitetane, enkelte av aktivitetane har få ledig plasser. Me hadde to bussar til Kongeparken den 6. juli og buss til Suldal bad og bowling den 7. og 13. juli.
Pop-up aktiviteter for barn og unge utan påmelding

Aktivitetsguidane i Hjelmeland inviterer barn og unge som startar i 5. klasse og heilt opp til dei som er ferdig i 10. klasse til pop-up aktiviteter i heile juli! 

Det kan vera padling, bading, ballspel eller andre kjekke aktiviteter. Oppmøtestad vil veksle mellom Fister, Årdal og Hjelmeland. Aktivitetene blir satt opp måndag til onsdag kl. 10-15.30 gjennom sommaren.

Følg med i Facebookgruppa: Hjelmeland kommune - aktivitetar for barn og ungdom

Du kan også følge med på Snapchat ved å søke på "sommaraktivitet".


Aktivitetar med påmelding:

Klikk på den aktiviteten du vil vera med på, då kjem du til påmeldingsskjemaet:

Torsdag 6. juli: Tur til Kongeparken, for alle

Fredag  7. juli: Tur til  Suldal bad og Sand Bowling

Torsdag 13. juli: Tur til Suldal bad og Sand bowling 

Fredag 14. juli: Bølgjesurfing med Surfschool 9.00-16.30, for ungdom ferdig med 7. klasse og eldre

Måndag 17. juli- onsdag 19. juli: E-sport med Einherjar e-sportklubb, for barn ferdig med 5. klasse og opp til ungdom  som er ferdige med 10. klasse, kl 9.00-15.30

Torsdag 20. juli: Underholdningskveld

Fredag 21. juli: Bølgjesurfing med Surfschool 9.00-16.30, for ungdom ferdig med 7. klasse og eldre

Hjelmeland kommune har fått støtte frå Bufdir, Sparebanken Vest og Sparebankstiftelsen SR bank for å gjennomføre sommarferieaktivitetane.

2024 © Hjelmeland frivilligsentral