Aktivitetar sommaren 2020

Hjelmeland kommune inviterer til aktivitetsdagar i sommarferien. NB påmelding. Alle aktivitetsdagane er tilpassa gjeldande smittevernreglar. Den som er sjuk, har feber eller er forkjøla skal ikkje delta.

Aktivitet rundt Hjelmelandsvågen
Tid: Torsdag 25. juni, kl. 10.00-14.00 og fredag 26. juni kl. 10.00-14.00.
Rutebuss frå Årdal kl 9.30. Rutebuss frå Fister 9.25. Rutebuss frå Hjelmelandsvågen 14.00 til Årdal 14.17. Rutebuss frå Hjelmelandsvågen 16.10 til Fister 16.27.
Stad: Hjelmelandsvågen oppmøte ved Biblioteket.
Kva: Velkommen til to dagar med fire timars aktivitet rundt Hjelmelandsvågen. Aktivitetane er leia av Usentralen v/Tonje Flatø Nessa. Her skal me gå på ein kort tur, ha strandaktivitet og bli litt kjend med lokalhistorie gjennom konkurranse og leik. Det vil bli mogleg å bade, og dei som ynskjer å ha med pølser for grilling kan ta med det og eigen kniv til spikking av eigen pølsepinne. Aldersgruppe 5.-10. klasse, maks 20 påmeldte.
Pris:  Kr 200, med fritidskort gratis. Påmelding innan fredag 19. juni til tlf 404 39 155.
Arr:  Hjelmeland kommune. Betaling: VIPPS til nr 510120.

Familietur til Kongeparken
Tid: Måndag 29. juni
Stad: Kongeparken, Kongsgata 20, 4330 Ålgård
Kva: Tur til Kongeparken fornøyelsespark. Buss frå Hjelmeland 0815, Fister 8.30, Årdal 08.45. Retur med buss, ankomst Hjelmeland kl. 18.30. Ta med mat og drikke.
Pris: Kr. 400 for transport og inngongsbillett, familiar med fritidskort gratis.Påmelding innan fredag 19. juni til frivilligsentralen tlf 404 39 155.
Arr.:  Hjelmeland kommune. Betaling: VIPPS til nr 510120.

Aktivitetsdagar med dans
Tid: Tysdag 30. juni, kl. 10.00-14.00 og onsdag 1. juli kl. 10.00-14.00
Rutebuss frå Årdal v/skulen kl 9.30. Rutebuss frå Fister 9.25.
Rutebuss frå Hjelmelandsvågen 14.00 til Årdal 14.17. Rutebuss frå Hjelmelandsvågen 16.10 til Fister 16.27.
Stad: Spinneriet og ute i Hjelmelandsvågen.
Kva: Velkommen til to dager med dans. Instruktør Lina Auksoriute med assistentar.
Her kan alle vere med, både dei som har dansa før og nybegynnarar. Aldersgruppe 1.-10.klasse. Ta med drikke og matpakke.
Pris:  Kr 200, med fritidskort gratis. Påmelding innan fredag 19. juni til tlf 404 39 155.
Arr:  Hjelmeland kommune. Betaling:  VIPPS til nr 510120.

Sankefestivalen
Tid: Laurdag 8. august, kl. 10.00- 17.00
Stad: Hjelmelandsvågen
Kva: Aktivitetar på kaien, fiskekonkurranse, lag din eigen pizza i vedovn, kafè, Sanketorg, kurs/foredrag. Ope for alle.
Pris: Gratis inngong. OBS påmelding. Påmelding bruk denne lenka: https://www.stf.no/aktiviteter/116296/877050/pamelding/deltakere/ny/
Arr:  Hjelmeland Turlag, Stavanger Turisforening, Jærsoppen


Støtte frå  Barne- og familiedepartementet (BFD)

Hjelmeland kommune har fått støtte frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) til å arrangere sommaraktivitetane og til innkjøp av nytt utstyr til utlån i utstyrsbanken.

Fritidskortet

Her er meir informasjon om Fritidskortet i Hjelmeland

Biblioteket

Her er informasjon om Ryfylkebiblioteket Hjelmeland

Utstyrsbank

Her er informasjon om utlån av sports og fritidsutstyr i utstyrsbanken på Frivilligsentralen.

Sykkelverkstad

Her er informasjon om sykkelverkstaden på Frivilligsentralen.










2024 © Hjelmeland frivilligsentral